100 årsjubileum på Landeskogen

Nå er det feiret 100 årsjubileum på Landeskogen. Og i den forbindelse var det ønskelig med en bok om Landeskogens fargerike historie. Nå er den klar og lagt ut for salg.

Tidligere ordfører i Bygland - Knut A. Austad – skriver i bokas forord:

Du held no ei bok i dine hendar som inneheld glimt frå ein 100 årig historie om Landeskogen i Bygland kommune. Ein historie ikkje berre om eigedomen og institusjonen Landeskogen, men korleis samfunnets  behov har endra seg, og korleis dette har påverka lokalsamfunnet.

For Bygland kommune var det ei stor utfordring å omstille seg etter at Landeskogen med alle sine arbeidsplassar, først som tuberkolosesanatorium og sidan som "åndssvakeheim", vart nedlagt.

Alt frå mine første dagar som ordførar i Bygland i 1995 var det stort engasjement frå mange av mine sambygdingar for å iverksette tiltak i kommunal regi som kunne sikre at Landeskogen på ny vart fyllt med innhald.

Gjennom alle desse åra fram til 2010, med mange idear og innspel, godt støtta av politikarar

og næringsmedarbeidarar i kommunen, kom løysinga med Helga Arntzen og Aktive Fredsreiser, – og det nye kartet over eigedomen Landeskogen vart teikna.

Bygland kommune la ut ein del av eigedomen ved Byglandsfjorden som friluftsareal for alle, og bustadområde vart etablert på eigedomen.

Filadelfia overtok ein del av eigedomen som omsorgsenter for tidlegare rusavhengige på veg tilbake til ein betre kvardag. 

Helga Arntzen og Aktive Fredsreiser overtok mestedelen av eigedomen og etablera Landeskogen Peace center. Rehabilitering av bygningsmassane starta, og arbeidet for å fylle landeskogen med fredsskapande innhald var i gong.

Seinare har Elgtun som turistreisemål kome til.

Denne reisa gjennom 100 år viser store endringar på Landeskogen. Det som ikkje har endra seg er engasjementet blandt bygdefolk og lokalpolitikarar.

Me er mange som har eit sterkt ønskje om at dei nye etableringane på Landeskogen skal lukkast i å nå sine mål, og at lokal medverknad kan stø opp under dette.

Takk til alle som har kjempa for landeskogens framtid.

Takk til forfattar og Aktive Fredsforlag som gjev oss glimt frå landeskogens historie.

Takk til  Arntzen som med sitt livsverk og fredsskapande arbeid tek landeskogen

vidare frå det som har vore og inn i framtida.

Landeskogens Venner  Knut A. Austad

 

Ei spennande og informativ bok

Ole Birger Lien i avisen Setesdølen skriver følgende om boka:

 I samband med at Landeskogen i Bygland markerer 100-årsjubileum i år, har no boka ”Fra sanatorium til fredssenter” blitt lagt ut for sal.

Oddvar Schjølberg har skrive ei spennande og informativ bok med mange flotte glimt frå dei 100 åra. Forfattaren skildrar vegen frå tuberkulosesanatorieum via ”åndssvakeheim” til flyktningemottak og dei siste åra eit stadig meir omfattande fredssenter på framifrå vis.

Her er glimt frå jolefeiring og 17. mai, bakeri og ikkje minst brannen i 1942, dei fleste aktuelle hendingane har fått sin plass.

I tillegg til god tekst er boka rik på bilete. Det gjev ein dobbelt effekt. Kvifor? Mange frå Bygland og dalen elles har hatt sin arbeidsstad på Landeskogen. Då er det ekstra morosamt viss ein finn ein av ”sine” på eit bilete i boka!

”Fra sanatorium til fredssenter” er ei bok om Landeskogen, men også om Setesdal. Ei interessant utgjeving mange vil ha mykje att av å lese.

5. juli 2010 var en stor dag i Landeskogens historie. Da ble kontrakten underskrevet av Helga Arntzen, rådmann Trine Grønnbekk og ordfører Knut A.Austad

Til venstre Tudor Lakatos har fått betegnelsen Romanias Elvis Presley, og er en av sigøynerfokets syngende representanter. Til Høyre Arne Nordihus som jobber med ulike hjelpeprosjekt rundt om i verden, blant annet i Romania. I midten bokas forfatter Oddvar Schjølberg

Landeskogen Peace Center har 100 rom til disposisjon. Og mange av disse rommene gjøres om til utstillingslokaler. Her et glimt fra et av rommene som omhandler Den kalde krigen og Berlinmuren.